Skruing av fisk


Redaksjonen for Prosjekt Bryggens nettsider har mottatt en kommentar til historien om at Christian IV var behelpelig med å jekke opp en av bygningene på Bryggen. Kommentaren er fra Geir Atle Ersland og inneholder interessante og detaljerte opplysninger som stiller historien i nytt lys, og redaksjonen har her valgt å gjengi hans kommentar i sin helhet. Utgangspunktet for vår opplysning om at Christian IV var med på å skru (jekke opp) en bygning på Bryggen er hentet fra Mikel Hofnagels optegnelser 1596 – 1696, slik disse ble utgitt i Norske Magasin i 1858, og tolkingen støttet seg til en fotnote i kildeutgaven. I følge Ersland var det skruing, dvs. pakking av tørrfisk i tønner, kongen deltok i.

“Kjelda til denne historia er dei såkalla Mikel Hofnagels optegnelser 1596 – 1696, trykte i Norske Magasin b. 2, utgitt av N. Nicolaysen i 1858. Her står det på s. 177 at han gikk “… hen til Revelsgaarden, ind i søboden og besaa skruen, og hjalp selv til med en omdrejning.” Utgivaren har forklart “skruen” med “donkraft til at oppskrue sunkne laftebygninger med.” Det står også at kongen dagen etter gjekk inn i ei sjøbod i Leppen og såg på skruinga der.

Først eit par ord om “Hofnagels optegnelser”. Dette er ikkje eit sjølvstendig kjeldeskrift, men ei samling av hendingar som er tekne inn som tillegg til manuskript av Bergens Fundas. Bergens Fundas trur vi blei forfatta om lag 1560. Manuskriptet blei ikkje trykt, men kopiert for hand, og dess lenger ut på 1600-talet kopieringa skjedde, dess fleire “optegnelser” frå Hofnagel kom med. Fundasen er overlevert i minst 22 handskrifter. Halvparten er på tysk, og det er berre i desse at “Hofnagels optegnelser” er med. Dermed må vi slå fast at “optegnelsene” i Norsk Magasin er a) ei samling sett saman av innførsler henta frå fleire handskrifter av Bergens Fundas, og b) at teksten er omsett frå tysk av Nicolaysen. Alt Yngvar Nielsen hadde i “Bergen fra de ældste Tider indtil Nutiden” (1877) peika på at Hofnagels oppteikningar kunne variera, og viste til at nettopp kongebesøket i 1599, slik teksten i Norsk Magasin gjengir det, er blanda saman med hendingar frå kongens besøk til byen i 1604. (Nielsen 1877 s. 363). Eit handskrift Nielsen har sitert når det gjeld besøket i 1599, nemner ikkje episoden med skruing i det heile. (Nielsen 1877 s. 364). Dette gjeld også eit handskrift av Bergens Fundas som Agnete Nesse publiserte til si avhandling “Språkkontakt mellom norsk og tysk i Bergen i hansatiden”. I dette handskriftet er både besøket i 1599 og 1604 omtala, men heller ikkje her er det nemnt noko om skruing. (Nesse 2002 s. 273 – 274).

Så til spørsmålet om skruinga eller rettare: Kva var det som blei skrudd? Yngvar Nielsen viser til at Edvard Edvardsen som i siste halvdel av 1600-talet skreiv Bergens historie, må ha brukt ein versjon av Bergens Fundas der dei to kongebesøka var skilde “og maaske indeholdt noget mere end de nu bekjendte.” (den siterte staden). Og det stemmer, for hos Edvardsen er omtalen av besøket i 1599 meir utfyllande enn det som er gitt i Norske Magasin, og når det gjeld skruinga står følgjande: “…gick hand i Reffvelsgaarden i en Siøboed, oc saa, huorledis de skruede Fisk,..». Og dagen etter var han også på Bryggen «…huor hand uden for Leppen igien saae, huorledis de skruede Fisk,..” (Edvard Edvardsen. Den Wiit-berømte (osv.). Særtrykk av Bergen historiske Forening, Skrifter nr. 55/56. Utg. O. Brattegard. Bergen 1949/50. Det siterte: s. 145). Dermed ser det ut til at det var den vanlege arbeidsprosessen med skruing dvs. (pakking) av fisk i tønner, kongen var med på i 1599. Slik blei det også tolka av Johan Christian Koren Wiberg i boka “Hanseaterne og Bergen” (1932) der han skriv at kongen “…personlig var med skruet fisk i Leppen.” (Koren Wiberg 1932:148). Det skriftlege materialet frå Bryggen har mange referansar til skruing av fisk, og det ser ut til at alle gardane hadde minst ein fiskeskrue. Det norske ordet skrue kjem elles nettopp frå nedertysk og etter opplysning frå Agnete Nesse har ei lærebok frå 1770-åra følgjande omsetjing av det danske uttrykket Skrue gods: Schraube-Gut (oder Waren, die eingeschroben werden beim Einpacken). Så kong Christian 4. deltok neppe i reparasjonsarbeid på bygningar ved Bryggen, men tilsynelatande i hanseatanes daglege arbeid med å klargjera nordnorsk tørrfisk for eksport. Og konklusjonen må bli at Nicolaysen misforstod ordet skruing då han publiserte Norske Magasin i 1858.”

Fra utstillingen på Det hanseatiske Museum. I forgrunnen fiskevekten og i bakgrunnen fiskeskruen. Foto: Geir Atle Ersland, 2005.