Lensherren over Bergenhus Erik Rosenkrantz fekk slege fast prinsippet for å rekna ut grunnleiga i ein dom i lagmannsretten hausten 1560. Utreknings­grunnlaget skulle vera som følgjer: Frå ytst på bryggekanten og halvegs opp i garden skulle grunnleiga vera to skilling per alen, men den øvre halvdelen skulle gi ein skilling per alen (NM I s. 461 og s. 482 – 83). Dei Rosenkrantzke grunnbreva for Bryggen har alle med eitt unnatak, Atlegard, leige­summen uttrykt i bergengylden, og presiserer alle at ein bergengylden tilsvara 12 skilling Etter det ovannemde prin­sippet om dobbel leige for den nedre i høve til øvre halvdel av gardsgrunnen, skulle såleis grunnleiga reknast ut etter formelen: X * 3/2/12=Y, der X er lengda på grunnen i alen og Y leigesummen uttrykt i Bg. (For meir om utrekninga, sjå Ersland 2011c s. 62 n. 11). Atlegard skulle derimot gi 31 danske mark og 5 skilling, slik at 16 skilling utgjorde 1 mark. 1 dansk mark var såleis 4 sk. meir verdt enn 1 bg. då brevet blei underteikna i 1562. Likevel må grunnleiga ha blitt utrekna som om den baserte seg på bergengylden, for set ein inn i formelen med omsyn til skillingstalet for danske mark blir resultatet følgjande: 251,5 * 3/2/12=23,6 danske mark. Set ein derimot inn med omsyn til skillingstalet i Bergengylden får ein følgjande resultat: 251,5 * 3/2/12= 31,5 bg. Det er sistnemnde utrekning som er nytta i grunnbrevet, men slik at svaret er oppgitt i danske mark. Dermed kom grunnleigarane til å betala overpris for denne grunnen ettersom 31,5 danske mark tilsvarte 42 bergengylden, ein leigesum som skulle tilsvara ein grunn på 336 alen. At det verkeleg var slik blir bekrefta i brevet der det avslutningsvis blir opplyst at den samla grunnleiga av dei fem aude grunnane utgjorde 177 bg. Ridstaden, Skaften og Bollegarden svarte kvar for 35 bg. medan Michelgarten gav 31,5 bg. Resten må då ha kome frå Atlegarden, tilsaman 40,5 bg., dvs. tilnærma 42 bg.