I eit grunnbrev utferda av lensherren over Bergenhus i 1562 er det omtala fem aude grunnar. Dette var grunnar for gardar som ikkje blei gjenreiste etter brannen i 1476. Grunnleige for desse blei betalt årleg av Kontorets felleskasse etter ein avtale frå 1480. I følgje Rosenkrantz’ grunnbrev var dei fem grunnane i 1562 kalla Atlegarten, Michelsgarten, Schaften, Ridstaden og Bollergarten. (DHMS 5)