I Magnus Lagabøtes bylov (1276), i avsnittet om plasseringa av handverkarar og småhandlarar står følgjande: “Men ut i frå Steinkyrkjegarden og til Nikolaikyrkjeallmenning skal det vera mathandlarar på oversida av Stretet og nedsida. Og fra Nikolaikyrkjeallmenning og til Breidaallmenningen skal alt likklede skjerast og lerret til sals…” “Men ut i frå Breidaallmenning og til Buaallmenning skal det vera smykkemakarar, malarar og sadelmakarar.” Byhistorikarar som Koren Wiberg og andre tolka det slik at Breidaallmenning opprinneleg låg ein stad mellom dagens Nikolaikirkeallmenning og Buaallmenning. Den siste kan da ha gått langs Bugården. Her er det viktig å understreka at sitatet frå Bylova er den einaste gongen Nikolaikirkellmenningen er omtalt i skriftlege kjelder frå mellomalderen. Breidaalleminning er derimot omtalt i mange seinare dokument, det eldste frå 1315. Her blir det sagt at dokumentet gjeld ein avtale inngått i Steinstova på Breidaallmenning. Steinstova var da truleg den bygningen som i andre dokument er omtala som stemnestova og rådsstova, altså rådhuset med vinkjellaren. At Bylova etter samanhengen nemner Breidaallmnningen nord for Nikolaikirkeallmenning, og at det i seinare dokument blir sagt at rådhuset (stein/stemnestova) låg på Breidaallmenningen, førte til hypotesen om at Breidaallmenningen hadde gått langs Bredsgarden, dels på grunn av namnelikheten, men først og fremst fordi at her ligg det store steinkjellarar øvst i garden som da kunne ha vore stemne/steinstova. Men i 1908 fall denne hypotesen då Koren Wiberg påviste at Vinkjellaren som var del av rådhuset, låg der ein meinte mellomalderens Nikolaikirkeallmenning hadde gått. Det var då tanken om at Nikolaikirkeallmennig ein gong mellom Bylovens tekst frå 1276 og det eldste dokumentet om Steinstova hadde bytta namn til Breidallmenning. Det er derfor Koren Wiberg i “Bidrag til bergensk Kulturhistorie” frå 1908, på kartet over “Østbyen før 1476, Plan I” har teikna inn ein eldre Breidaallmenning ved Bredsgarden og ein yngre Breidaallmenning, der ein meinte Bylovens Nikolaikirkeallmenning hadde gått. Slik var altså den lokalhistoriske forskingsstatusen fram til Bernt Lorentzen på ny tok opp spørsmålet om den eldste traseen for Breidaallmenning i dr. avhadlinga “Gård og grunn i Bergen i middelalderen» (1952). Her hevdar han at ein halvdel av Svensgården blei flytta til området mellom Jakopsfjorden og Enhjørningen etter brannen i 1476 frå området ved Gullskoen, og at den andre halvdelen brann i 1527, den blei då kalla Lille Svensgård “Klene Swensgard”. Lorentzen hevda at etter brannen blei også Lille Svensgard flytta etter, slik at Svensgården blei ein dobbeltagard, slik den også ligg i dag (Lorentzen 1952 s. 105). Eg skal ikkje gå inn på alle detaljane i Lorentzens resonnement, men eit problem er at han utan å nevna det eksplisitt har som føresetnad at området mellom Jakopsfjorden og Enhjørningen låg utan bebyggelse som ein navnlaus allmenning i minst 160 år mellom 1315, og fram til gjennreisinga etter brannen i 1476. Hypotesen er faktisk så svakt begrunna at den framstår som gjettverk. Eit dokument frå Bergenfahrerarkivet i Lübeck, som reknar opp alle gardane som tilhøyrte kontoret i 1449, har plassert Svensgarden mellom Jakopsfjorden og Enhjørningen. Rett nok er dette dokumentet frå 1696, men det blir sagt at det er sett opp på grunnlag av gamle protokollbøker. (Dette og Breidaallmenningen i mellomalderen har eg skrive meir om i: “Was the Kontor in Bergen a topographical closed entity?” In Veröffentlichungen zur Geschichte der Hansestadt Lübeck. Herausgegeben vom Archiv der Hansestadt. Reihe B Band 41. ISBN 3-7950-0480-2. Lübeck 2005. I “The Archive of the Kontor in Bergen.” I Neue Studien zum Archive und zur Sprache der Hanseaten. Geir Atle Ersland and Marco Trebbi (eds.) Det Hanseatiske Museum Skrifter nr. 28. ISBN 978-82-92241-12-7. Bergen 2008. Og i “Das Kaufmannshaus – Det hanseatiske kontorets rettslokale og administrasjonshus i Bergen.” I Det hanseatiske Museums Skrifter nr. 30. ISBN 978-82-92241-14-1. Bergen 2011.). Problemet med Lorentzens hypotese er først og fremst at Knut Helle følgjer Lorentzen og skriv at Breidallmenning er “sannsynlighetsplassert mellom Einarsgard og Åfjorden” (Bergen bys historie b. 1, s. 705). Det merkelege ordet “sannsynlighetsplassert” klarar eg ikkje heilt å få tak på. Men dette er altså grunnen til oppfatninga av at Svensgården ligg på det som hadde vore Breidallminningen. Går vi derimot tilbake til utgangspunktet, at Bylova nemner både ein Nikolaikirkeallmenning og Breidallmenning, blir konklusjonen at ingen av hypotesane løyser det eigentlege problemet: kvar blei det av Nikolaikirkeallmenningen? Kanskje vi skulle setja fram ein ny hypotese: Allmenningen som blei kalla Breidaallmenning i 1315 var den same som Breidaallmenning i Bylova. I så fall låg Nikolaikirkeallmenning i den sørlege halvdelen av Bryggen, og det er den som er forsvunnen, ikkje traseen for ein eldre Breidaallmenning. Med ein slik hypotese blir teksten i Bylova lett å forstå, og alle dei innvikla hypotesane om ein eldre og yngre Breidaallmenning blir unødvendige. Inntil vidare trur eg at dette er løysinga på problemet.

Geir Atle Ersland