Brannen i 1582 omfatta området mellom Mur­allmenningen og Rådhuset og heile Vågsbunnen like opp til Det hanseatiske kontoret. På kongens befaling blei det utarbeidd eit reguleringsforslag for brannstrøket. Forslaget innebar at Smørsallmenningen skulle utvidast, men viktigare var det at planen omfatta anlegg av ei rekke nye allmenn­ingar:  Vågsallmenning, Rådsstove­allmenning, Korskyrkje­allmenning og til sist utviding av den gamle Autaallmenning som markerte grensa mot Det hanseatiske kontorets område. Fossen 1979 s. 269.