Den første etappen i ein rekonstruksjon av grunnstrukturen i Bryggeområdet er å etablera ein rimeleg sikker ståstad ved utgangen av seinmellomalderen. Frå 1560-åra finst ei samling dokument, ofte kalla Dei rosenkrantzke grunnbreva (Koren Wiberg 1908 s. 3, Lorentzen 1974 s. 60-64, Helle 1982 s. 726). Desse breva gir opplysningar om lengdemål og andre topografiske detaljar for grunnane i Bryggeområdet, og dei er kalla Dei rosenkranzke grunnbreva fordi lensherren over Bergenhus Erik Rosenkrantz er utferdar av breva. Rozenkrantz hadde fått slege fast prinsippet for å rekna ut grunnleiga i ein dom i lagmannsretten hausten 1560. Utreknings­grunnlaget skulle vera som følgjer: Frå ytst på bryggekanten og halvegs opp i garden skulle grunnleiga vera to skilling per alen, men den øvre halvdelen skulle gi ein skilling per alen (NM I s. 461 og s. 482 – 83). Dei Rosenkrantzke grunnbreva for Bryggen har alle med eitt unnatak, Atlegard, leige­summen uttrykt i bergengylden, og presiserer alle at ein bergengylden skulle gi 12 skilling (For meir om utrekninga, sjå Ersland 2011c s. 62 n. 11). Etter det ovannemde prin­sippet om dobbel leige for den nedre i høve til øvre halvdel av gardsgrunnen, skulle såleis grunnleiga reknast ut etter formelen:

X * 3/2/12=Y, der X er lengda på grunnen i alen og Y leigesummen uttrykt i Bg. At denne utrekningsmåten blei nytta kan lett kontrollerast ved å setja inn dei lengdemåla ein finn i dei kjende breva. For Bugarden oppgir grunnbrevet at lengda var 192 norske alen, og resultatet blir som følgjer:

192 * 3/2/12=24, som og samsvarar med grunnbrevet (Ersland 1989 s. 348, vedlegg 7). Grunnbreva inneheld lengdemål i norske alen, og denne er i følgje Asgaut Steinnes 0,5456 meter i Bergen (Steinnes 1968 s. 13). Om vi held saman med anna kjeldemateriale, kan kunnskapen om bakgrunnen for måla i Dei rosenkrantzke grunnbreva danna bakgrunn for ein rekonstruksjon av grunnane i 1560-åra. Til dette kan det nyttast to hovudkjelder: Generalkart over Bergen, oppmålt av det Private Kontor for Opmaalings- og Kartarbeider i Kristiania (1879/80) blad 15 og GBB, Contoris Grundeleyer).

Utrekningsmåten for grunnleiga, slik han blei fastsett i lagmannsdommen i 1560, ligg til grunn for dei leigesummane som er innførde for dei enkelte gardane i GBB (Ersland 1989 s. 51-61). I rekonstruksjonen som er presentert her, er lengdemåla i Dei rosenkrantske grunnbreva nytta så langt desse rekk, og grunnleigene i GBB for dei øvrige grunnane.

Byggemønsteret i 1560-åra og 1880 ser ut til å ha vore mykje det same (Herteig 1985 s. 76). Men når det gjeld bryggekanten i 1560-åra i forhold til kartet i 1879/80, må det ei mindre justering til. I Rosenkrantz’ brev for Nordre og Søre Gullskoen er lengdene målt frå kyrkjegarden ved Mariakirken (wor Froe Kircke Gaard) og til ytst på Bryggen, tilsaman 243 alen (UBB dip. saml. 20.01.1563). Med utgangspunkt i kyrkjegardsmuren på 1879/80-kartet og måler nedover mot bryggekanten, låg 3,5 m eller 6,4 norske alen lenger inne i 1560-åra. Dette antyder at bryggekanten er bygt vidare 3,5 meter lenger ut etter 1560-åra. Likevel vil det vera usikkert på grunnlag av opplysningane om Gullskoen åleine. Det det kan like så vel vera eit resultat av at kyrkjegardsmuren var flytta 3,5 m oppover etter 1560-åra. Men studerer vi 1879/80-kartet, oppdagar vi at bryggekanten nord for Gullskoen ligg 3,5 m lenger inne enn bryggekanten utanfor Gullskoen. Går vi lenger sør på Bryggen ser vi og at hopen utanfor Solegarden har ulik lengde på sør og nordsida. Nordsida er lengre, slik at bryggefronten nord for hopen ligg om lag 3,5 m lenger ute enn bryggefronten sør for hopen. Dette kan da tolkast som at bryggefronten frå Gullskoen i nord og til hopen ved Solegarden i sør, er bygt 3,5 meter lenger ut etter 1560-åra. I dette området er har difor det rekonstruerte kartet bryggefronten 3,5 m lenger inne enn det 1879/80-kartet viser.

I det følgjande er det gitt ein punktvis gjennomgang av rekonstruksjonen gardsgrunn for gardsgrunn. Plassering av grensene mellom grunnane under kvar gard er henta frå 1879/80-kartet. Dette gjeld dei heiltrekte linene, medan dei stipla linene er skjønsmessig sett inn for grunnar som ikkje kan identifiserast innanfor klare grenseliner på 1879/80-kartet.

 

Figur 2.19: Bryggen etter 1879/80-kartet.

 

A Mariakirken er innteikna etter 1879/80-kartet.

B Rosenkrantz’ steinhus (Lavranskirken) er innteikna etter kart i rapport frå “Waterfront archeology conference, Bergen 1983. Bryggens Museum, Bergen 1985. s. 76.

C Peterskirken er innteikna etter Koren Wiberg 1921 s. 138.

D Nikolaikirken etter Bergen Bys historie b. 1 (Helle 1982) s. 141.

E Vinkjellaren er innteikna etter Ekroll 1990 s. 11.

Alle grunnane, punkt 1-31, er målte frå bryggekanten og oppover langs nordsida, bortsett frå punkt 3.

  1. Lengda i Atlegarden, 251,5 norske alen = 137,2 m. Breidda øverst 23 n. alen = 12,5 m. Breidde i midten 28 n. alen = 15,3 m. Breidda nederst 16,5 n. alen = 9 m. (UBB dip.saml. 21.06.1562).
  2. Den gamle kyrkjevegen, sørsida av vegen øverst låg 20,5 sjellandske alen frå Arent Meyers kjellar (bygt i 1666, ikkje med på kartet). (UBB dip.saml. 10.08.1703).
  3. Nagelgrunnen er målt frå steinhuset og nedover, 180 n. alen = 98,2 m. Brevet nemner ikkje at grunnen blei målt frå bryggekanten slik vi finn i andre brev. (UBB dip.saml. 30.08.1562).
  4. Nordre og Søre Gullskoen, 243 n. alen = 132,6 m. Breidda av grunnane, 17 n. alen nede og 19 n. alen oppe i garden = 9,3 m og 10,4 m. (UBB dip.saml. 20.10.1563).
  5. Søstergarden er innteikna etter 1879/80-kartet.
  6. Nordre Engelgarden, grunnleige GBB 8 rd 2 ort 6 sk. (8,81 rd) = 153.8 m.
  7. Søre Engelgarden, grunnleige GBB 5 rd 1 ort (5,25 rd) = 96 m.
  8. Nordre Bugarden, 192 n. alen = 104,8 m. (UBB dip.saml. 20.01.1563).
  9. Bredsgarden, grunnleige GBB 15 rd for to gardsrekker (grunnar). 15 rd/2 = 130,9 m.
  10. Einarsgarden, grunnleige GBB 8 rd 1 ort 18 sk. = 146,7 m.
  11. Nordre Svendsgarden, 263 n. alen = 143,5 m. (UBB. dip.saml. 20.01.1563).

Søre Svendsgarden, grunnleige GBB 12 rd 1 ort. Nyttar vi denne leiga til å rekna ut lengda av grunnen, endar vi eit godt stykke på oversida av Øvregaten. Søre gardsdel er her justert etter den nordre, slik kartet frå 1879/80 ser ut til å gi grunnlag for.

  1. Jakopsfjorden, grunnleige i GBB 6 rd 3 ort 12 sk. (6,87 rd)=119,9m.
  2. Bellgarden (Søre Jakopsfjorden), grunnleige GBB 7,5 rd = 130,9 m.
  3. Holmedalen, grunnleige GBB for to gardsrekker (grunnar) 9 rd 3 ort 16 sk. (9.90 rd)/2 = 86,42 m.
  4. Kappen, grunnleige GBB 7 rd 2 ort 16 sk. (7,66 rd) = 133.7 m. Garden og grunnen var borte da 1879/80-kartet blei teikna og breidda er avteikna etter Hoeghs oppmålingskart frå 1848.
  5. Avstanden frå Vinkjellaren til bryggekanten etter mål i GBB 45+39,5 sjellandske alen (0,628 x 84,5) = 53 m. Dette samsvarar med bryggekanten på 1879/80-kartet, men plasseringa av muren til Vinkjellaren er usikker da vestveggen blei fjerna om lag 1910 utan at det blei gjort oppmålingar.
  6. Grunnen under Kjøpmannsstuen, Vinkjellaren og Hagen er målsette i GBB. Avstanden mellom bryggekanten og til Kjøpmannsstuen er her 39,5 sjellandske alen = 24,8 m. Under føresetnad av at fasadelina av Kjøpmannsstuen på 1879/80-kartet låg på same staden som da GBB blei sett opp (1686), finn vi at bryggekanten alt da låg 3,5 m lengre ute enn i 1560-åra. Vinkjellaren (Steenkielderen i GBB) er 37 sjellandske alen = 23,2 m, og ovanfor denne låg ein hage, 104 sj. alen lang og 22 sj. alen brei = 65,3 og 13,8 m. Grunnen under Vinkjellaren kan plasserast på kartet etter arkeologiske undersøkjingar på tomta. Grunnen under Kjøpmannsstuen kjenner vi frå 1879/80-karetet. Også hagen ser det ut til at vi finn att på 1879/80-kartet for. Sør for Nikolaikirkealmenning er det her innteikna to parallelle steinmurar vinkelrett på Øvregaten. Avstanden mellom desse murane er 13,8 m, og markerar antakeleg langsidene i hagen frå GBB.
  7. Mökillgaard, breidde oppe (ved Øvregaten) 32 n. alen, nede 16 n. alen = 17,5m og 8,7m, og lengde 253 n. alen = 138 m. (UBB dip.saml. 21.06.1562). Breidda nede svarar nøyaktig til breidda på hopen sør for Kjøpmannsstuen. Ettersom Mökillgaard, da Rosenkrantz målte grunnen, må ha lege langs sørsida av Kjøpmannsstuen, Vinkjellaren og hagen, må grunnen også ha lege ovanfor hopen. Bernt Lorentzen framsette den hypotesen at hopen skuldast at bryggja ikkje blei bygt vidare ut her etter brannen i 1476, fordi Mökillgard blei lagt aude. Min rekonstruksjon ser ut til å stadfesta dette, og vi finn det same tilhøvet også for dei tre audegrunnane lenger sør på Bryggen (punkt 26). Men Rosenkrantz ser likevel ut til å ha målt dei aude grunnane frå den ytste bryggekanten og ikkje frå botn av hopen. Om vi ikkje tolkar oppmålinga slik, vil lengda av grunnen strekkja seg over Øvregaten.
  8. Solegarden, grunnleige GBB 7 rd = 122,2 m.
  9. Revelsgarden, grunnleige GBB 8 rd 1 ort 14 sk. (8,39 rd) = 146,5m.
  10. Nordre Leppen, grunnleige GBB 8,5 rd = 148,4 m.
  11. Søre Leppen, grunnleige GBB 4 rd 2 ort 16 sk. (4,66 rd) = 81,4 m.
  12. Nordre Bratten, grunnleige GBB (dei to siste ført under garden) 7rd 12 sk + 2 rd 2 ort (9,62 rd) = 168 m. Denne lengda let seg ikkje passa inn på kartet.
  13. Søre Bratten, grunnleige i GBB (dei tre første ført under garden) 3 rd 2 ort + 3 rd 1 ort 8 sk. + 1 rd (7,85 rd) = 137,1 m.
  14. Dramshusen, grunnleige GBB 12 rd 3 ort 17 sk. for to gardsrekker (grunnar) (12,90 rd/2) = 112,6 m.
  15. Tre audegrunnar Schaften, Ridstaden og Bollegard har alle same mål: Breidde oppe (ved Øvregaten) 12 n. alen, breidde nede 15 n. alen, lengde 280 n. alen. (UBB dip.saml. 21.06.1562). Samla breidde for dei tre grunnane blir nede 24,5 m. Dei tre audegrunnane blei bygde etter brannen i 1702, dels ved at Finnegarden, som før brannen var ein enkelt gard, fekk ei nordleg gardsrekke her, men og ved at den opphavlege Finnegarden blei flytta eit stykke nordover. Før brannen i 1702 hadde dei tre audegrunnane lege mellom Søre Dramshusen og Finnegarden. Den søre sjøstova i Dramshusen blei breiare etter brannen, og på 1879/80-kartet framgår dette tydeleg i høve til breidda på resten av gardsrekka. Bortsett frå sjøstova, må vi tru at byggelina for Søre Dramshusen på 1879/80-kartet, samsvarar med byggelina før 1702 brannen. Sørsida av Dramshusen vil da korrespondera med nordsida av hopen nedanfor. For å finna nordsida av Finnegarden før 1702 kan vi måla breidda av dei tre audegrunnane frå sørsida av Dramshusen ovanfor sjøstova. Opp var dei tre audegrunnane smalare, samla 19,6 m. På min rekonstruksjon har eg lete sørsida av Dramshusen og nordsida av Finnegarden følgjast parallelt med avstanden 24,5 m. så langt opp som Finnegarden strekte seg i 1560-åra (sjå punkt 25). Lengda på dei tre audegrunnane har eg målt på nordsida ved å forlenga byggelina på sørsida av Dramshusen. Lengda var 280 n. alen = 152,8 m. Da får vi eit bakre punkt for audegrunnane som ligg eit stykke oppe i Øvregaten. Det høver bra ettersom Øvregaten blei gjort breiare i 1870-åra. Den bakre grensa har eg lagt vinkelrett frå dette punktet og sørover til ein avstand 19, 6 m. Her i frå har eg trekt ei line til det øvre nordre hjørnet av Finnegarden.
  16. Finnegarden er etter Rosenkrantz’ grunnbrev frå 20.01.1562, referert i eit dokument frå 18.12.1708 (HMS 5 s. 62), oppitt med lengde 193,5 n. alen og 18 n. alen brei = 105,6 og 9,8 m.
  17. Brødregarden, grunnleige 6 rd 5 ort 4 sk. (7,29 rd) = 127,3 m. (UBB dip.saml. 10.08.1703)
  18. Nordre Vetrliden, grunnleige GBB 6 rd (4+2) = 104,8 m.
  19. Søre Vetrliden, grunnleige GBB 7 rd 21,3 sk. (7,22 rd) =126,1 m. Breiddene for Brødregarden og Søre og Nordre Vetrliden er her framkomne ved ei tredeling av avstanden mellom Finnegarden og Rothmansgarden.
  20. Rothmansgarden er etter eit dokument kopiert i 1702, oppgitt til å vera 216 sj. alen lang = 135,6 m. Garden låg aude (etter 1642) og saman med allmenningen på sørsida var breidda 43,5 sj. alen = 27,3 m. oppe (ved Øvregaten). Allmennigen var 10,25 sj. alen brei = 6,4 m. (HMS 5 s. 54). Sørsida av Rothmansgarden finn vi da ved å måla ut allmenningsbreidda frå husrekka langs sørsida av allmenningen på 1879/80-kartet. Slottens Grundebog 1627/28 oppgir breidde nede 34 n. alen = 18,5 m., breidde oppe 38 n. alen = 20,7m.

 

Kartet i figur 2.11 er eit forsøk på å rekonstruera grunneigestrukturen på Bryggen 1560-åra. Grunnane var lange og følgde husrekkene i gardane. I regelen var ein grunn det same som ei gardsrekke og den typiske dobbeltgarden var samansett av to grunnar. På eit vesentleg punkt kan vi slå fast at situasjonen i 1560-åra skilde seg frå det topografiske utgangspunktet då området først bli bygt. Det hadde utvida seg sterkt under mellomalderen. Dette hadde på den eine sida skjedd ved utfylling i sjøen inntil 140 meter ut over den opphavleg strandlina, slik at grunnane var blitt svært mykje lengre i 1560-åra enn det dei var ved utgangspunktet for bydanninga.[10] På den andre sida var det og slik at Bryggeområdet i 1560-åra var noko mindre enn tidlegare. Dette hadde si årsak i at området i nord, Dreggen, tidvis låg aude. Nordgrensa for Bryggeområdet i 1560-åra følgde såleis nordsida av Gullskoen, ein gard som tidlegare hadde lege lengre nord, men var blitt flytta etter brannen i 1702.[11] Denne avkortinga av området hadde likevel ikkje noko å seia for utforminga av grunnane, det hadde derimot utfyllinga i sjøen.

 

Figur 2.11: Bryggen i 1560-åra. Teiknforklaring, sjå gjennomgangen ovanfor.

 

Dei arkeologiske utgravingane i Bryggeområdet har vist at det tidlegaste byanlegget ikkje hadde bryggjer mot sjøen. Den opphavlege strandsonen tente som landingsplass framføre husa ved strandkanten.[12] Strandkanten må såleis ha vore den nedre grensa for grunnane i den første tida. Den opphavlege strandlina kjenner vi på nokre få punkt i området. Best haldepunkt har vi i området for dei store bryggegravingane på nedsida av Mariakirken i nord, og under Finnegarden i sør. Men mellom desse sikre punkta for strandlina kan vi og antyda eit rimeleg sikkert alternativ for resten av strandlina.[13]

Den bakre grensa for Bryggeområdet må vi setja ved Øvregaten. Denne ferdsleåra kan vera like gammal som den første bymessige bebyggelsen i Bryggeområdet.[14] Problemet med Øvregaten er likevel at ho ikkje treng ha følgt same traséen som i nyare tid. Arkeologiske undersøkjingar har mellom anna ikkje lukkast i å påvisa fasar av gata i frå mellomalderen. På figur 2.9 har eg lagt Øvregaten på femmeterskoten. Det er rimeleg at den eldste gata følgde ei jamn høgd i terrenget og det er fleire indisium som styrkjer ei slik plassering av den eldste gata. Her skal eg trekkja fram eit av dei sterkaste, og det gjeld plasseringa av Peterskyrkja og Steinkyrkja (Sjå figur 2.6). Ruinane av Peterskyrkja blei undersøkte av Koren Wiberg i 1908 og 1912.[15] Det synte seg at koret delvis låg under den moderne Øvregaten. På mitt kart har eg ved stipling antyda koravslutninga, men dette er basert på Koren Wibergs skisser. Vi veit ikkje noko om kor langt opp under den moderne gata anlegget til Peterskyrkja har strekt seg.

 

Figur 2.12: Den opphvalege strandlina er her sett inn på det rekonstruerte kartet over Bryggen frå om lag 1560- Ovanfor er femmeterskoten innteikna.

 

Av figur 2.9 ser vi at ei slik forskyving av Øvregaten oppover bak Peterskyrkja høver bra dersom vi har som føresetnad at gata følgde femmeterskoten. Sør for Peterskyrkja kryssar denne koten gata. Like nord for Breidaalmenning gjer ho ein sving ned mot strandlina, men kjem så opp att og kryssar allmenningen eit stykke på nedsida av dagens gate og held fram slik vidare innover. På same måte som vi i nord brukte Peterskyrkja til å støtta tolkinga av ei plassering av mellomaldergata i overkant av gata i dag, kan vi i det sørlege området nytta Steinkyrkja til ei tolking som plasserer mellomaldergata eit godt stykke på nedsida av den moderne gata i sør. Koren Wiberg er den som utvilsomt brukte mest tid på å leita etter Steinkyrkja. Men i motsetnad til Peterskyrkja, som det lukkast han å lokalisera, var arbeidet for å finna Steinkyrkja fånyttes. Ein vesentleg murrest som var observert midt i dagens Øvregate, bak Revelsgarden, kunne ikkje vera frå kyrkja, meinte Koren Wiberg, for Steinkyrkja skulle etter Bylova frå 1276 liggja på oversida av gata.[16] Men dersom det er slik at gata låg lenger nede i mellomalderen enn i dag, blir det med ein gong rom for å tolka murrestane under dagens Øvregate som deler av Steinkyrkja.[17]

Vi ser av kartet at det området som opphavleg var tørt byggeland på nedsida av Øvregaten, ikkje gav rom for dei lange grunnane vi finn ved midten av 1500-talet. Det var utfyllinga i sjøen som skapte dei karakteristiske lange bryggegardane, noko ein først kunne konstatera etter dei store bryggegravingane etter brannen i 1955. Tidlegare hadde historiske undersøkingar over topografien på Bryggen konsentrert seg om breidda på gardane. Resultata frå bryggegravingane viser at det er utfyllinga i sjøen og forlenginga av gardane som i første rekke har omforma topografien i Bryggeområdet i mellomalderen.

Når det gjeld grensene mellom grunnane, dei som avgjorde breidda, ser det derimot ut til at det har vore stor stabilitet like frå 1100-talet. Dette var og eit av hovedresultata frå bryggegravingane. Breidda av gardsstrukturane kunne dokumenterast å ha lege fast like tilbake til 1100-talet.[18] Dette galdt også påvisinga av det så kalla dobbeltgardmønsteret, den dominerande planløysinga på Bryggen. Når grunnane grensa opp mot kvarandre, verka dei gjensidig til å konservera kvarandre i breidda. Derimot var det fritt fram ut i sjøen. Dersom vi tenkjer oss ei medviten grunnleggingsfase, må vi vurdera i kor stor grad eigedomsgrensene kan vera spor etter ein slik fase.

Studerer vi figur 2.9 og konsentrerar oss om grensene mot nabogrunnane, får vi eit kart over det eldste Bryggeområdet der grunnane utgjorde rektangulære parsellar mellom strandkanten og Øvregaten. Ein slik struktur minner sterkt om den grunnstrukturen ein har avdekka i Sigtuna. Desse er på si side jamførte med utgravingsresultat frå Trondheim og Oslo. Her er skilnaden at grunnane i Sigtuna ser ut til å ha vore tettbygde alt i den tidlegast byggefasen. I Trondheim og Oslo er tolkinga derimot at den første bebyggelsen var spreidd og hadde ein sesongprega karakter.[19]

 

Spørsmålet er om ei slik planmessig utstykking av grunnar som den eg har vist ei rad døme for, let seg passa inn i Bergen. Dersom vi tek utgangspunkt i kartet ovanfor, skulle vi ha skaffa oss eit godt grunnlag for å vurdera om den opphavlege strandsonen mellom strandlina og femmeterskoten kan ha gitt rom for eit område med utstykka grunnar. Vidare skulle vi og ha grunnlag for å vurdera i kor stor grad dei grensene mellom grunnane vi kjenner frå midten av 1500-talet og fram til i dag, er foreinlege med ei slik grunnutstykking.

No skal det med ein gong seiast at det materialet eg har presentert så langt, gir høve til å velja mellom mange slag breidde- og lengdemål som er nytta i samband med utstykking av grunnar i grunnlagde byar. Slik sett er dette eit eksperiment. Om vi tar det tyske standardmålet for grunnar, det som visstnok blei nytta i Freiburg og Lübeck, så var dette 100 x 50 eller 100 x 25 fot. Etter tysk rekning med fot er desse måla omgjorde til 32 x 16 eller 32 x 8 meter. Dersom dette er rett, var den tyske foten 32 cm. På grunnlag av det arkeologiske materialet frå Trondheim er det rekonstruert ein hypotetisk norsk fot på 32,5 cm. Var Olav Kyrres grunnar 25 eller 50 fot breie, ville det i meter bli 8,1 eller 16,2 meter. Kor lange grunnane var, har vi berre arkeologiske haldepunkt for i Sigtuna, der dei varierte i lengd mellom 30 og 40 meter. Etter det tyske målet skulle dei vera 100 fot. Om eg reknar med norske fot, skulle det bli 32,5 meter. Eg vel å prøva den hypotesen at Olav Kyrre ved grunnlegginga av Bergen stykka ut grunnar som målte 8,1 x 32,5 meter. Korleis høver dette med dei arkeologiske resultata frå den opphavlege topografien og grensene mellom grunnane i Bryggeområdet, slik dei er rekonstruerte for 1560-åra? Resultatet er vist på figur 2.13.

Dersom vi tek omsyn til grenselinene mellom bryggegardsgrunnane, ser vi at det ikkje er noko problem å passa inn standardmåla mellom dei grenselinene som i alle høve eksisterte i området seinare, ja heilt opp til vår tid. Eg vil difor slutta meg til den hypotesen som tidlegare er underbygd av arkeologiske funn: grenselinene mellom grunnane på Bryggen går i hovudtrekk tilbake til ei tidleg fase i framveksten av byen. Arkeologen Gitte Hansen har i si avhandling peika på at slike grenseliner er påviste i dei eldste arkeologiske laga.[20] Så langt er det likevel ikkje gjort forsøk på å jamføra desse funna med kjente grenseliner frå nyare tid. Dersom desse grenselinene er spor etter ei grunnutstykking som del av ei grunnlegging av byen, ser vi at grunnutstykkinga i så måte har vore utført etter eit mønster som ikkje er i strid med det mønsteret som er påvist i Sigtuna, eller som avvik frå dei måla for grunnutstykking som er nemnt for grunnlagde byar som Lübeck og Freiburg.

 

Figur 2.13: Hypotettisk grunnutstykking i Bergen forsøksvis sett inn i området mellom den opphavlege strandlina og femmeterskoten. Dei tenkte standardgrunnane, 8,1 x 32,5 meter, let seg godt tilpassa seinare grenser mellom gardsgrunnane i området. Ersland 1993.

 

Under føresetnad av at eksperimentet med tusjpenn, kart og linjal som er demonstrert ovanfor, kan brukast til hypotesedanning om ei opphavleg grunnutstykking for Bryggeområdet, kan dette tyda på at grunnane blei stykka ut etter felles lengde- og breiddemål. Ettersom grunnane grensa opp mot kvarandre, var det seinare ikkje mogeleg å utvida grunnane i breidda, og grensa mellom grunnane kom til å liggja fast gjennom hundreåra. Derimot viste det seg å vera mogeleg å utvida grunnarealet ved utfylling i sjøen. Denne utfyllinga fekk eit slikt omfang at på 1500-talet, då utfyllinga seinast hadde nådd den utstrekkinga ho hadde fram til om lag 1900, då saneringa av halve Bryggen og bygging av nytt kaianlegg tok til, så var grunnane blitt opp til tre gonger så lange som før utfyllinga. Då Erik Rosenkrantz i 1560-åra utferda nye grunnbrev for gardane på Bryggen, støtta han seg til ein regel som sa at grunnleiga skulle reknast ut etter alenmål. Men denne utrekninga skulle berre ta omsyn til lengda av grunnane. (Sjå nærare om dette i kapittel 5).Var dette fordi breidda låg fast, og at alle grunnane i området i utgangspunktet hadde vore like breie? Dette er ikkje ei umogeleg slutning om vi samanheld med kartet ovanfor. Med eins breidd ville prisen per arealeining bli sams, sjølv om ein ved utrekninga berre tok omsyn til lengda på grunnane. Med dette er det framsett den hypotesen at grunnane i Bryggeområdet blei stykka ut som einingar i eit grunnlagt anlegg etter eins mål på same måte som vi finn kjelder for i andre byar. Sidan blei desse grunnane utvida i lengderetninga medan breiddetilhøva låg fast.

Det er viktig å understreka at hypotsen byggjer på eit rekonstruert kart over eit mogleg grunnlagt område i Bergen. Kartet er ei tolking som må vurderast kritisk med omsyn til fleire vesentlege moment. For det første at det berre er strandlina som er ei absolutt og naturgitt grense, og sjølv denne kjenner vi lite til. Femmeterskoten kan berre reknast som ei grense i den grad han verkeleg representerer traséen for det eldste Øvregaten. Om lag midt i Bryggeområdet svingar femmeterskoten ned mot strandlina på ein måte som må ha gjort stykket frå sjøen og opp svært bratt (sjå figur 2.10). I landskapet framstod dette stykket kan hende som ein knaus, eller bratt skrent, svært ulik hellinga både på nord og sørsida, der hellinga i gjennomsnitt må ha vore mindre enn 1:8. Der avstanden mellom strandlina og femmeterskoten var på det smalaste, kan hellinga ha vore større enn 1:4. Denne bratte skrenten, eller knausen, er naturleg nok blitt tolka som ei sperre for ein samanhengande bebyggelse i Bryggeområdet.[21] Ei slik slutning byggjer likevel ikkje på anna enn skjøn for kva som var byggeteknisk mogeleg. Eit slikt skjøn provar ikkje at dette framspringet i landskapet var eit hinder for ein samanhengande bebyggelse. Sikkert er det at Øvregaten har passert denne knausen.

Like sør for knausen, frå sjøen og like opp til Nikolaikyrkja eit stykke ovanfor Øvregaten, strekte Breidaallmenningen seg seinast i siste halvdel av 1200-talet.[22] Nikolaikyrkja blei kan hende reist så tidleg som før 1120.[23] Kyrkja og det opne området ned mot Øvregaten og vidare ned til sjøen, kan ha danna sentrumsområdet alt før 1200-talet. Vi må rekna med at byen hadde eit torg alt tidleg i bydanninga, sjølv om plasseringa for enden av Breidaallmening først er kjent frå 1430-åra. Med dette skal det for det første vera sagt at det ikkje er sikkert at eit framspring i landskapet danna eit hinder for ein samanhengande bebyggelse. For det andre kan element som Øvregaten og tverrsambandet mellom sjøen og Øvregaten og vidare til Nikolaikyrkja, ha verka til å binda saman bebyggelsen på begge sider av knausen. At det ikkje let seg gjera å påvisa bygningsrestar frå den eldste perioden, viser at området var ubygt. Dette overraskar ikkje dersom krysset mellom Øvregaten og eit tverrsamband frå sjøen og opp til Nikolaikyrkja var det eldste sentrum i byen. Heimskringla inneheld ei skildringa av kamp mellom mennene til Erling Skakke og Gregorius Dagsson i 1160. Kampen gjekk føre seg nede på Bryggene, men også på Stretet. Etter at at striden hadde stilna, gjekk partane opp til Nikolaikyrkja.[24] Dette styrkjer tanken om eit ope området mellom Bryggene og Nikolaikyrkja alt i den eldste byplanen.

 

 

 

 

[8]

[9]

[10] Helle 1982 s. 704

[11] Koren Wiberg 1908 s. 16, 1921 s. 133-147

[12] Herteig 1969 s. 76-77

[13]Riksantikvarens utgravingskontor i Bergen. Antatt strandlinje på 1000-tallet og havne-utfyllinger i Finnegården.

[14] Helle 1982 s. 6

[15] Koren Wiberg 1908 Tillæg s. 7

[16]Koren Wiberg: Gravingsnotat, Bergen Byarkiv. 1921 s. 147

[17]Ersland 1988 s. 56-57

[18]Herteig 1969 62-63, 150

[19]Tesch 1990 s. 30-32

[20] Hansen 2005 s. 132

[21]Myrvoll 1987 s. 103, 1993 s. 84-88. Helle 1982 s. 26

[22] Helle 1982 s. 197

[23] I følgje Bergen Fundas frå om lag 1560 skal Øystein Magnusson, konge 1103 – 1123, ha reist Nikolaikyrkja.

[24]Hkr. 605-06, Helle 1982 s. 132